Innlegg:

Vannvittig mykje Bømlavatn

Me bømlingar brukte 1,7 milliardar liter vatn i fjor. Få veit kor mykje vatn dei brukar sjølve. Drikke, bilvask, klesvask, dusj og toalett-besøk. Vatn er ein heilt naturleg del av kvardagen vår.

1,7 milliardar liter
I fjor brukte privatkundane på Bømlo over 150 liter vatn pr. person kvar dag. Det vil seia at ei gjennomsnittshushaldning med to store og to små brukar over 600 liter vatn kvar dag. Men kva brukar me alt dette vatnet til?

Dusjen er det store sluket
I følge Norsk vann brukar me om lag 50 liter vatn dagleg til bading og dusjing, 40 liter til kjøkkenet (mat, oppvask, osv), og om lag 30 liter til klevask og 30 liter til toalettbesøk. Det er altså dusjen som er det store luket, men mange kan gjera eit enkelt grep for å spara både straum og vatn: installere sparedusjhovud. Det er effektivt og gjer at forbruket av vatn kan halverast. 

Har me ikkje nok vatn?
På Bømlo er me omkransa av vatn, og det fell litt oftare enn me likar frå himmelen. Men vatnet som kjem ut i springen har vore gjennom ei ganske omfattande reinsing og transport for å komme heilt heim til deg. 2017 hugsar me som eit veldig vått år. Men det er faktisk første gong me har gått tom for vatn i eit høgdebasseng.

Forbruket går opp, men produksjonen går ned!
Forbruket av vatn har auka på Bømlo, men mengd produsert vatn har gått ned. Grunnen til dette er at andelen vatn som forsvinn i lekkasjar er blitt kraftig redusert, frå over 50% i 2010 til 16% i 2017. Me har altså  kapasitet til å produsera meir vatn jamt over, men forbruket av vatn er stort på dagen og lite på natta. Derfor treng me å lagra vatnet ein plass. Det kan bli behov for enno fleire høgdebasseng («vasstankar») i tida  framover.

Mykje vatn forsvinn
Me kan nok redusera forbruket av vatn heime også, dersom me tenkjer oss litt om i kvardagen. Ein bør vera bevisst på bruken av vatn: det er ei produsert vare, ikkje ei utømmeleg kjelde.

Kos deg med Bømlavatn-flasker
Me i BVA har alltid hatt flasker som me har delt ut til kundane våre, for å få fleire til å drikka springvatn og ta det med seg på tur. Nokre skuleklassar har allereie fått dei nye flaskene. Om du har lyst på ei slik flaske kan du stikka innom til oss i Hollundsdalen og få ei gratis flaske!

Related Posts