Innlegg:

Ufrivillig kunde?

Når du skal kjøpe noko kan du som regel velje mellom fleire produkt og leverandørar. Men når det kjem til vatn og avløp, så MÅ du faktisk velje BVA. Finst det eit alternativ til å vere «ufrivillig kunde» hos oss?

Audun Halleraker i samtale med kunde

Nei, det gjer det ikkje. Bur du i nærleiken av hovudsleidningsnettet på Bømlo MÅ du vere kunde. Men kva er alternativet? Og kanskje er dagens ordning til det beste..?

Krav om heilt reint vatn
For å svare på dette, må me spole litt tilbake – for det er nokon som har tatt val på dine vegne. I 1995 kom ei ny føreskrift med strengare krav til reint vatn. På Bømlo var det mange private vassverk, men det blei nesten umogleg å drive vidare utan skikkeleg reinsing og tilsette med spisskompetanse.

Mange av vassverka bad Bømlo kommune om å ta over drifta, noko som vart gjort etter grundige politiske diskusjonar. Etter administrative og politiske vurderingar vart det bestemt at BVA skulle etablerast som aksjeselskap, eigd av kommunen.

Om å ha til salt i vatnet…
Spør du generasjonane før deg, vil nok dei fleste seie at vatnet held betre kvalitet i dag enn før. Med opne kjelder og lite reinsing kunne det oppstå forskjellige situasjonar. Historier, som naboen som nytta vasskjelda til å bløyta det salte kjøtet sitt, er mange. Som regel var det vatnet som var nærast ein måtte velje. I dag får bømlingane vatn frå dei beste kjeldene.

Betre før?
Små vassverk har høgast førekomst av e-coli, koliforme bakteriar og anna rusk me ikkje vil ha i kroppen. Det er ofte også meir arbeid, lågare driftssikkerheit og meir uføreseielege kostnadar i små vassverk.

Ufrivillig ikkje-kunde
Det er ein del bømlingar som ikkje får vere kunde hos BVA, sjølv om dei gjerne vil. Me har område der vass- og avløpsnettet ikkje er bygd ut og det ikkje er høve til å kople seg på det kommunale nettet. Der må dei ha privat vasskjelde og annan godkjent avløpsordning. Til dømes er Hiskjo, Katla, Vika og Andal ikkje på det offentlege nettet i dag.

For ditt beste
Neste gong fakturaen frå BVA dumpar ned i postkassa di, eller dukkar opp i nettbanken din, heilt utan at du har bede om han, håpar me du veit litt meir om kvifor. At valet som er gjort på dine vegne, er gjort for at du skal ha reinare vatn, mindre arbeid og meir føreseielege kostnadar.

Related Posts