Innlegg:

Truser og mobiltelefonar i do – hallo?

Det er mest ikkje grenser for kva ein kan finna i avløpet. Det skaper utfordringar på fleire måtar, fortel driftsoperatør Svein Arild Madsen i BVA.

Gjengangarane er bind, truser, vaskefiller, bleier, våtserviettar, hår, bomullspinnar og anna som ved tankeløyse eller uhell har hamna i do, fortel Madsen. Me er med på ein rundtur til nokre av kloakkpumpestasjonane til BVA
ilag med Madsen og kollega Ove André Vedøy.

Når uønska ting kjem i avløpssystemet kan det bli liggande i røyrane og bygga seg opp ilag med feitt og anna som klebar seg til. Til slutt vil det tetta røyret eller komma fram til ei pumpe som blir stoppa av den seige klumpen, seier Madsen. Då må me til å opna opp og reinska pumpa. Det tar tid og kan i verste fall øydeleggja pumpa slik at me får kostnad med å kjøpa deler eller heilt ny pumpe. Den største klumpen me har fjerna var på heile 60 kg!

Ikkje hiv «flushables-serviettar»!

No etterpå skal me bort til ein anna pumpestasjon med den innleigde suge- og spylebilen for å pumpa ut ein del av sumpen. Der er det så mykje våtserviettar som me fryktar kjem til å stoppa pumpene om me ikkje fjernar
dei, forklarer Madsen.

Kast dei i bosspannet og la dei enda i restavfallet der dei høyrer heima. Og sjølv om det står «flushable», altså at dei kan spylast ned i do, stemmer ikkje det, dei skaper likevel problem!

Du får rekninga!

Dette er både kostbart, men også unødvendig. Dessutan endar kostnadane på grunn av sjølvkostprinsippet faktisk opp hos BVA sine abonnentar.

Sjekk også ut denne artikkelen; https://dinside.dagbladet.no/bolig/kaster-du-dette-i-do-ma-du-punge-ut/77576796#:~:text=Kaster%20du%20dette,s%C3%B8pla%2C%20oppfordrer%20Sk%C3%A5r

Innhald i ein samanfiltra klump som blei tatt ut av ei pumpe, etter vask…

Related Posts