Innlegg:

Til jord skal det bli…

Lite er så kjedelig som om det luktar kloakk heime! Kven har ansvaret? Og kvar blir det eigentleg av slammet til slutt?

Privat ansvar
Me sitt i samtale med Jarle Andreassen på BVA og han kan fortelje at dei som eig septiktank sjølv har ansvar for den, både om det skulle oppstå problem og for at det er klargjort for tømming når det skal gjerast. For dei som er kopla på det offentlege nettet,
så har huseigarane ansvar for det røyret som går frå huset og inn til hovudnettet til BVA. Det er altså ikkje BVA eller SIM sitt ansvar eller kostnad om noko skulle vere gale, men huseigaren.

Medan intervjuet pågår så kjem det faktisk ein telefon frå Moster der ein innbyggjar har spørsmål om septiktanken sin og om BVA veit kor røyrane går. Jarle hjelper så godt han kan, men BVA har ikkje teikningane over korleis røyrsystemet er lagt opp på den private tomta.

Mange tek kontakt med BVA fordi dei ikkje er sikker på dette og Jarle seier at dette er heilt naturleg. Ein hjelper så langt ein kan, men ofte ligg ikkje private løysingar inne i BVA sine system.

Slam – ein kjemperessurs
Slammet som ligg att, enten det er i septiktanken eller dei kommunale reinseanlegga, er det SIM som har ansvar for. Kjell Egil Hollund i SIM seier dei tømer slam frå privatbustadar anna kvart år og kvart fjerde år for hytter og fritidsbustadar. Reinseanlegga
til BVA tømmer dei etter behov, det største anlegget blir tømt tre gonger i året, medan dei andre blir tømt sjeldnare.

Pumpebilane blir så køyrt til Svartasmoget på Fitjar der det blir tatt prøvar av slammet for å avdekkja om slammet inneheld tungmetall. Slam blir blanda med flis og lagt i ranke med god lufting for å verta til kompost. Driftsleiar for innsamling i SIM, Arild Vik, forklarer litt meir av det som skjer: -Slamrankene ligg i opptil eit år med ganske høg temperatur. Me dataregistrerer temperaturen og ser at den ligg på mellom 60-70 grader. Prosessen med høg temperatur gjer at bakteriar vert nedbrotne og massen vert til jord.

Rein natur
Prøvane som blir tekne undervegs i prosessen er for å sikre at ferdigproduktet stettar krava til slike produkt. Når slammet har blitt til jord vert denne vert selt eller nytta lokalt på deponi. Molda frå SIM er næringsrik og har veldig fin konsistens.

Slamkomposten blir berre selt til entrepenørar som nyttar slik mold i veg- og anleggsprosjekt.

 

 

Related Posts