SALMA – sterk merkevare produsert med BVA-vatn

I to tårn på Bremnes Seashore sitt anlegg går ismaskinene så og seia kontinuerleg. Det blir produsert med opp mot 100 tonn i døgeret i maskina – med BVA-vatn!

Isen frå maskina til høgre blir nytta til å kjøla ned den ferske laksen i kassar, som Aistis Navikauskas her viser.

Vatnet er avgjerande

Fabrikken nyttar om lag 800 m³ vatn i døgeret, eller 240.000 m³ i året, til ulike føremål.

– At me har tilgong på stabilt vatn med god kvalitet frå BVA er me svært nøgde med. Det gjer at me m.a. kan produsera dei 100 tonn is me treng i døgeret for å kjøla ned laksen under transport ut til mottakaren. I tillegg er vatnet avgjerande i produksjonen og gjer at me kan halde svært god hygiene. Me nyttar det til reinhald av maskiner og lokale. Hygiene er avgjerande for vår kvalitet. Mange av våre kundar blir overraska når me seier at me reingjer og spyler med drikkevatn.

Fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes haler oss opp ei bratt trapp og inn ei dør i eit kvitt tårn. Der openberrar det seg to mindre tårn med luker i. Når han opnar dei ser me rett inn på to store tromler som sakte snurrar rundt. På dei ligg det eit lag med is som blir skrapt vekk og ramlar ned i ein silo under. På ei omdreiing frys vatnet som blir sprøytt på og slik blir det store mengder «tynn-is», altså om lag 100 tonn i døgeret.

Full tillit til BVA sitt vatn

Bremnes Seashore har full tillit til det produktet BVA leverer. Dei har eigne filter i tilfelle noko uføresett skulle skje, men kontrollen BVA har er god og tilfredstiller deira krav.

Fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes og sals- og marknadssjef Simon Nesse Økland i engasjert prat med dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker