Innlegg:

Redusert mva på vatn og avløp frå 1. juli

I statsbudsjettet for 2025 vart det vedtatt å redusere mva for vann og avløp frå 25% til 15 %, for å hjelpe husholdninger med å håndtere økte levekostnader. Redusert mva innebærer at gebyrene for vann, avløp og leie av vassmålar vil bli noko redusert.

Bakgrunnen for at regjeringa ønskte å redusere mva for vatn og avløp, var å bidra til å redusere levekostnadene for husholdninger som har opplevd redusert kjøpekraft på grunn av høg prisvekst og økte renter.

Kva betyr dette for deg:

Endring av mva vil du sjå på fakturaen som vert sendt ut 1. august, og vil då gjelde for faktura for juli månad.

Har du vassmålar vert det lagt inn ein forholdsmessig fordeling av høg og låg sats ved årsskiftet, og dette vil du sjå på vassmålaroppgjøret i januar 2026.

Ønsker du å sjå oppdatert gebyrregulativ med 15 % mva, finn du det her.

Ønsker du å sjå det gebyrregulativet med 25 % mva, finn du det her.

Ved spørsmål, kontakt oss gjerne på tlf: 53 42 88 40 eller post@bva.no

Related Posts