Innlegg:

Over heile Bømlo – utbetring av vatn og avløpsnettet

Bømlopakken har gitt moglegheiter til planlagde investeringar på vatn og avløpsnettet, men eit stort utbetringsprosjekt gjorde omprioriteringar nødvendig.

Prosjekt til 9,5 millionar
I heile 2017 gjorde BVA investeringar for lag 16 millionar kroner. Når 9,5 millionar er sett av til å utbetra gamle Arhaugen i Rubbestadneset forstår me at det er eit stort prosjekt.

Stram lukt og kloakk på avveie
Bebuarar gjorde BVA merksam på både stram lukt og kloakk på avveie. Nærare undersøkingar viste at det var fleire kloakkutslepp som kom ut i det fri i Arhaugen. Då det gamle Wichmannfeltet blei opparbeida på 1960-talet var det eit privat anlegg. Kommunen overtok etter kvart ansvaret, men det hadde ikkje blitt dokumentert på ordentlig vis. Derfor visste ein ikkje kor gale det stod til, før ein gjennomførte inspeksjon.

Mykje var gale
-Det var på høg tid at det blei utbetra, seier Odd Petter Habbestad i BVA. Både vass- og avløpsnettet var i svært dårleg stand, det mangla sløkkjevatn og overvatn blei ikkje ført godt nok bort. I gravearbeidet så blei dei gamle avløpsrøyra fjerna, og dei var mistenkjeleg reine. Det er nok ei stund sidan avløpet gjekk der det skulle… No er avløpet samla og går til kloakkreinseanlegget i Rubbestadneset, vassforsyninga er god, og det er kome på plass sløkkjevatn. Overvatn frå heile feltet blir no ført bort og leia ut mot sjøen. Prosjektet ble sluttført i løpet av sommaren, og det utbetra anlegget kan vara i heile 100 år.

Kloakken går i fjellet på Svortland
Odd Petter held fram med å fortelja om det neste store prosjeket for BVA. Det er utbetring av avløpsnettet på Varhaug på Svortland, og der legg BVA leidningane på ein reltativt ny og effektiv måte. Det blir bora kanalar i fjell og avløpsleidningane blir lagt trygt inne i fjellet. Denne løysinga har ein også valgt i Arhaugen. Hovudpoenget med prosjektet på Varhaug er å få avløpet til å renna på sjølvfall, slik at to klokakkpumpestasjonar kan fjernast. Det blir også forbetra leidningsnett til sjukeheimen, betre brannvernsdekning og overvatnet blir ført bort på ein betre måte.

Vatn til fiskerihamna på Langevåg
Lengst sør i kommunen blir det jobba med ny vasstilførsel frå Vorland til Kråketangen. Prosjektet er på kring sju millionar kroner, og er ei av fleire investeringar som trengst for å sikre vasstilførsel til Hovlandshagen og den nye fiskerihamna som er planlagt der.

Sikrare vasstilførsel til Moster
-På store delar av Moster er det berre ein vassleidning, seier Odd Petter. Om noko skulle skje med tilførselen har ein altså ikkje vatn den tida det tek å reparera. Moster har skule, institusjonar og mange innbyggjarar, så det er svært viktig å få på plass tosidig vasstilførsel. Det gjenstår litt planarbeid og prosjektet får oppstart til vinteren. Den nye vassleidningen kjem til å gå frå Naustbakken til Serklau og vidare derifrå i sjøen over til Spissøy.

Planane er politisk bestemt
Kva prosjekt som skal prioriterast står i hovudplanen til BVA, og den er det kommunestyret som vedtek. Planane går fram til 2025, men det er faktisk også teke med kva behov ein ser fram til 2035 og heilt til 2045. Planar så langt fram er sjølvsagt usikre. Men det er ganske sikkert at me også i framtida treng reint og godt vatn i kranene våre, og ein enkel og miljøvenleg måte å kvitta oss med avløpet på.

Related Posts