Innlegg:

Oppdatering: Kokevarsel Espevær

BVA fekk melding i går (26. sept) frå laboratoriet om bakteriefunn i drikkevatnet på Espevær. Me gjekk umiddelbart ut med kokevarsel både på sms/telefon, nettsida vår og Facebook. (NB! Om du bur på Espevær og ikkje har fått melding, så registrer telefonnummeret ditt på bva.no/varsling eller ta kontakt med oss)

Når kjem det meir informasjon?
I går kveld sendte me ut mannskap for å ta fleire prøvar på Espevær og i Eidesvik. Desse prøvane får me svar på i løpet av kvelden, og då vil me umiddelbart gå ut med meir informasjon.

Espevær får drikkevatnet sitt frå Vorland på Langevåg. Prøven frå Vorland vassbehandlingsanlegg, som var tatt på same tid, viste ingen funn av bakteriar. Det er difor berre Espevær som er omfatta av kokepåbodet. BVA har sett i gong utvida prøvetaking både på Espevær og også av Langevågs-området.

Kva bakteriar er det?
Nokre lurer på kva type bakteriar som er funnen og kva som kan skje om ein drikk vatnet utan å koke det. Det tek om lag 24 timar å få svar på vassprøvar, då bakteriekulturane må analyserast over tid i laboratoriet. Me har fått indikasjon på at det er bakteriefunn, og vil gå ut med meir detaljar så snart me får dei i kveld. Det mest vanlege i drikkevatn er tarmbakteriar som kan gje tarminfeksjon og diare. Det går oftast over i løpet av nokre dagar og det viktigaste tiltaket er å erstatte væsketapet.

Kva gjer BVA no?
I dag er det sendt ut arbeidslag, både for å ta enno fleire prøvar og å gjennomføre kontroll av høgdebasseng, anlegg og utstyr. Det kan vera ulike årsaker til bakteriefunnet. Me har hatt mykje uvêr den siste tida, så me vil sjekka at det ikkje er feil eller skade på anlegga våre. Det kan også ha blitt gjort feil i prøvetakinga, men me tek funnet på største alvor.

BVA held dialog med næringsliv og institusjonar på Espevær, og me har varsla Mattilsynet, kommunen og kommuneoverlegen.

Meir informasjon kjem så snart me får det tilgjengeleg.

Ved ytterlegare spørsmål, ta kontakt på telefon 53 42 88 40 / 53 42 88 45 (vakt) eller dagleg leiar på 48 95 02 80.

Registrer telefonnummeret ditt på bva.no/varsling eller ta kontakt med oss for å få det registrert.

Related Posts