Innlegg:

Forskrift og ny gebyrmodell vatn og avløp

I forbindelse med utkast til ny forskrift for vatn og avløp har Bømlo kommune lagt forskrifta ut på høyring. Frist for å komme med merknadar på høyringa er 28. august 2026. Målet er at den nye forskrifta skal gjelde frå 01.01.2027.

For å lese forslag til ny forskrift, samt kome med innspel, trykk her

BVA har i lengre tid jobba med ein ny modell for gebyrregulativet som skal sikre at kostnadane for private abonnentar blir rettferdig i forhold til arealet på bygget. I tillegg skal det nye gebyrregulativet sikre ein meir rettferdig fordeling av kostnader mellom private og næring.

Slik gebyrmodellen fungerer i dag, er det liten skilnad på om du bur i 81 m2 bustad eller 350 m2 bustad. Dette blir delt meir opp i den nye gebyrmodellen.

Kva konsekvensar vil den nye gebyrmodellen få for abonnentane.

I den nye gebyrmodellen vil inndelinga sjå slik ut for bustad/ fritid/ garasje/ anneks:

  • Fast ledd: Abonnementsgebyr + (antall m2 * enh. pris pr m2).
  • Variabelt ledd: m2 * m3 pris * faktor

For næring vil modellen sjå slik ut:

  • Fast ledd: Abonnementsgebyr + (antall m2 * enh. pris pr m2).
  • Variabelt ledd: antall m3 brukt * enh. pris pr m3
  • Stipulert (for dei bygga som ikkje har montert vassmålar)

Når ein reknar på den nye gebyrmodellen i forhold til dagens modell og brukar prisane som ligg inne i 2026,  vil mindre leilegheiter ikkje få noko auke i prisen, medan større husvære vil få ein auke.

For næring og offentlege bygg vil det bli ein auke. Auken vil vera størst for de bygga med store areal. Det er viktig at næringsbygg og offentlege bygg monterer vassmålarar (ref. forskrifta) for å betale for faktisk forbruk.

BVA har hatt store utgifter dei siste åra i forbindelse med investering i nytt vassreinseanlegg i Åreid. Renteoppgangen frå Norges bank påverkar også utgiftene våre. I tillegg har BVA fått strengare krav til sikkerheit på anlegga frå sentrale myndigheiter. Det kjem også strenge krav på reinsing av avløp i tida som kjem. Alt dette fører til auka utgifter. Auken i gebyrinntektene skal vera med og sikre at BVA kan levere trygt drikkevatn og miljøvennleg avløpsreinsing til innbyggarane i Bømlo kommune dei kommande åra.

Related Posts