Innlegg:

Me elskar det!

Vatn gjer oss glade!

Vatnet har ein heilt spesiell plass i våre liv. Frå me er små elskar me å bada og leika med vatn. Vatn framkaller gledeshyl og begeistring. Det er vidunderlege kjensler når den varme dusjen fornyar ein trøtt og lemster kropp! Vatn blir nytta til ei mengd ulike oppgåver i vårt moderne samfunn. Frå kvardagslege ting til spektakulære show og til og med avanserte skjæremetodar av papir og metall i industrien!*

 

Vidunderlege kjensler når den varme dusjen fornyar ein trøtt kropp (foto: Julija Rauluševičiūtė).

Mat og drikke

Me vil gjerne ha rein mat. Me vaskar salatblad og gulrøter. Kokar poteter, ris og nudlar i vatn. Me brukar vatn når me skal laga ei suppe med mykje godt i. Då vil me ha reint vatn!

Det har me i Norge. Skru på springen, og du får det du treng. Etter middagen vasker me opp, vaskar benker og bord. Nokon gongar vasker me golv og andre stader der skit samlar seg. Sidan me får tak i godt vatn kan me halda høgt nivå på hygienen. Vask med såpe og vatn tar mange bakteriar som elles kunne gjort oss sjuke.

Vask og hygiene

Klevask heime går greit når me har vaskemaskin. På sjukehus gjeld det sengetøyet og dei tilsette sine klær. På hotella gjeld det sengetøy og dukar, bad og rom. Kafear og restaurantar må ha reine dukar, toalett, kjøken og servise, og dei som jobber på alle desse stadane må vaske hendene grundig og ofte. Hygienen må vera så god at folk ikkje blir sjuke!

Me kan fjerne mange smittestoff når me vaskar med lunka vatn og såpe. På eit sjukehus er det strenge krav til hygiene. Heile tida er det folk som vaskar vaskeservantar, dørhandtak og golv, berre for å nemna noko. Utstyret legane brukar på pasientane, må reingjerast på ein spesiell måte. Ofte brukar ein autoklav, ein spesiallaga trykk-kokar som drep bakteriar og virus. Og me kan nemna mykje meir: Vatning av blomar og grønsaker, transport av avfall, sløkking av brann, oppvarming av hus osv.

*Artikkelen er delvis henta frå “norskvann.no” og omsett til nynorsk

 

 

Related Posts