Innlegg:

Kvalitet i kvar ein dråpe

Det blir tatt prøvar av vatnet rundt om på utvalde stader på leidningsnettet til BVA kvar einaste veke. Prøvane blir analysert for å avdekke eventuelle feil med vasskvaliteten. Me har vore med Alf Helge Sørenes på hans måndagsrunde for å ta vassprøvar.

Det er kvalitet i kvar ein dråpe på BVA sitt vatn.

På ulike stader

Me får sitja på med Alf Helge på ein del av runden. Han tar med seg eit par sterile prøveflasker, og ruslar bort til utekranen på veggen til ein privat bustad i Siggjarvågen. – Dette er enden på Foldrøynettet, seier Alf Helge.

– Me har sjølvsagt avtale med eigaren, kommenterar han lunt i det han «svir av» tappetuten med ein gassflamme. Dette gjer eg for at det ikkje skal snika seg inn noko som gjer at testen blir øydelagt. Etterpå renn det i nokre minutt før den viktige vassprøven endeleg får lov til å fylla den halvliters forsegla plastflaska.

Til Stord for analyse

Når Alf Helge har tatt alle prøvane frå dei ulike delane av kommunen, kjører han over bruene til Slab, laboratoriet som utfører analysane av vatnet. Der treff me Natalia Hansen som er kvalietsleiar. Ho forklarer korleis dei analyserer vatnet og kva dei først og fremst ser etter.

– Våre analyser skal avdekka for høge mikrobiologiske, kjemiske og fysiske verdiar i høve til forskrift om drikkevatn. Forskrifta seier til dømes at det ikkje skal vera meir enn 100 bakteriar pr. ml vatn. Kvar enkelt verdi er ikkje åleine ein indiksjon på om det er skadeleg. Avhengig av kva ein finn må ein setja inn tiltak for å bøta på det som er oppdaga. Ho legg til at det på Bømlo er svært sjeldan ein finn noko, der er vasskjeldene godt sikra.

Viktig tryggleik

Etter å ha sett på dei utførlege testrundane, kolbar, reagensrøyr og analyser i datamaskiner kjenner me på at det er godt det finns dyktige fagfok som tar seg av dette!

– For BVA er tryggleiken til kundane våre det viktigaste. Difor er me alltid i beredskap og føre var når det gjeld vasskvaliteten, seier dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker.

Related Posts