Innlegg:

Kva skjer eigentleg når eg dreg i snora?

Etter eit toalettbesøk dreg me i snora, vaskar hendene og så tenkjer me ikkje noko meir på det. Men kva skjer eigentleg? Og er det likt på Rubbestadneset som i Langevåg og Brandasund? Me har spurt Jarle Andreassen i BVA som er eksperten på dei ulike løysingane som me har her på Bømlo.

To system – same prinsipp
Det finst i hovudsak to system; offentleg avløpsnett og private løysingar. Om lag 60% er knytt til det offentlege nettet. Sjølv om løysingane er ulike, er prinsippa som ligg bak dei same. Ut av huset Alt vatnet som går ut av huset, enten du har dusja, vaska klede eller drege i snora, går ut gjennom same røyr. Det går frå huset og ut i ein septiktank. Denne er enten privat eller det er eit offentleg reinseanlegg.

Septiktanken er gjerne nedgravd i hagen, medan dei kommunale reinseanlegga kan ligge kilometervis unna. Til dømes får dei som er kopla til det offenlege nettet på Svortland og rundt Storavatnet sitt avløp sendt heilt til BVA sitt store anlegg på Nesse.

Reinseanlegg og septiktank
På reinsestasjonane og i septiktanken er det tre kammer. Det tyngste som kjem inn (t.d. frå do-besøket ditt) fell ned til botnen og blir liggande. Vatnet og partiklar som ikkje fell ned i første kammer går så vidare til dei to neste kammera, der tilsvarande prosess skjer.

Til slutt renn vatnet og dei lettaste partiklane ut av reinseanlegget og går i eit godkjent utsleppsmottak. På Bømlo går dette vatnet i hovudsak ut i havet.

Kvifor offentleg nett?
Tidlegare førte avløpet rett ut i lukka vatn og det blei sterk forureining. I 1980/81 vart avløpet frå bustadane rundt Storavatnet samla og sendt til reinseanlegg på Økland før det blei sluppe ut i Nesosen. Dette vart eit vellukka prosjekt og Storavatnet framstår i dag som rimeleg reint. Anlegget på Økland vart i 2006 erstatta av eit heilt nytt anlegg på Nesse.

BVA held oversikt over avløpssystemet 24 timar i døgnet og tek prøvar av vatnet som går ut i sjøen fire gongar i året. Om avvik vert oppdaga, så set ein inn tiltak umiddelbart. Dermed vil belastninga på naturen vere mindre enn for private septiktankar der ein sjeldan eller aldri kontrollerer. Både for naturen og for samfunnet er det altså ein fordel at flest mogleg er kopla på det offentlege avløpsnettet.

Kan eg kople meg på?
På Bømlo har nokre område plikt til å vere påkopla offentlege nett, medan andre som ligg lengre frå stamnettet ikkje må det. Dei som bur i nærleiken av nettet kan kople seg på det offentlege nettet. Kostnaden for stikkleidning og påkopling må den enkelte sjølv dekke – om lag som når ein legg inn fiber.

Lang avløpshistorie
Det er vanskeleg å seie kvar det første felles avløpsanlegget på Bømlo var, for det finst ikkje historiske kjelder på det. Men mykje tyder på at ein var svært tidleg ute i Rubbestadneset. Det er slett ikkje usannsynleg at utbygginga skjedde samtidig med at Gamlebrunnen blei bygd for å gje betre vassforsyning i bygda,rundt 1930. Då det vart bygd bustadfelt i «gamle» Arhaugen og i Solhøgda tidleg på 1960-talet vart det også laga til avløpsanlegg. På slutten av 50-talet og gjennom 60-talet vart det laga avløpsanlegg frå det kommunale bustadfeltet som var under bygging på Leite.

BVA har dei siste åra oppgradert avløpsnettet betydeleg og anlegget i dag er blitt svært godt.

 

Related Posts