Innlegg:

KOKEVARSEL – OPPDATERT 17. DES

Oppdatert informasjon torsdag 17. des:

Me har i ettermiddag fått tilbake eit prøvesvar som er negativt, dette er frå prøvene som vart tatt i går kveld.

Me må ha to stk. negative prøvesvar før me kan avlyse kokevarselet, og derfor gjeld kokevarselet inntil ny melding vert sendt ut.

Informasjon onsdag 16. des:

På grunn av ledningsbrudd er det fare for bakterier i drikkevatnet i området ved Bremnes, sjå vedlagt kart.

Vatnet må kokes til ny melding blir sendt!

For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845.

Related Posts