Innlegg:

Frå Bømlavatn til bømlaøl

– mikrobryggeriet på Langevåg

«Friskt», BVA sitt kundemagasin, tar turen sør på Bømlo, til Langevåg, der me høyrer gjete om at eldsjeler brukar frivillige ressursar på å gjære Bømlavatn om til øl. Frode Urangsæter og Jan Øyvind Gravdal viser oss inn i produksjonslokalet der me får sjå korleis dette foregår i praksis.

Frå Bømlavatn til bømlaøl

Lokalt mikrobryggeri
Det begynte i det små, med nokre karar som var interessert i ulike smakar på øl. Fleire og fleire blei del av denne gjengen og no er dei ni menn som har gått saman for å bruke fritida på å dyrke interessa. Nokre av dei var røynde heimebryggjarar og hadde prøvd seg på ulike oppskrifter før.

I byrjinga var det mykje prøving og feiling for å finna fram til dei rette, gode smakane. I dag produserer dei fem ulike ølsortar basert på eigne oppskrifter, samt juleøl i sesong.
Pådrivarane er opptatt av at det skal vera eit lokalt bryggeri med ein lokal identitet på Bømlo. Den lokalhistoriske forankringa finn ein i design av logoen som er eit vikingskip, dei norrøne (mytologiske) namna på ølsortane, og namnet på bedrifta, «Bømmeløen bryggerhus».

Kvalitet føre kvantitet
– Dei som brukar nokre ekstra kroner på øl frå mikrobryggeri er ute etter å utvida smakshorisonten, utfordra smaksløkane og nyta smaksopplevingar, seier Frode Urangsæter. Det handlar ikkje om å få effekt av alkoholen, altså.
Bømmeløen Bryggerhus har fokus på at dei gode smakane i råvarene skal koma fram i ølet og nyttar difor berre naturlege råvarer i produksjonen, det er ikkje tilsett kjemikaliar i produkta. Det er handlaga øl som det er lagt ned mykje tid i.
Medan dei store produsentane brukar tre-fire dagar på å produsera øl, er det ingen snarvegar å ta når ein produserer handbrygga øl med naturlege råvarer. Det kan ta opp til tre veker å produsera ølet – og det er før lagring.

Bømlavatn..
…er det beste vatnet å lage øl på meiner Frode og Jan Øyvind. Øl består av om lag 95 prosent vatn, og det er dermed den største råvara. Utan god smak på vatnet får ein ikkje god smak på ølet, seier dei og viser til at BVA sparer dei for mykje arbeid med tanke på kvalitetssikring.

Dei er ofte inne og hentar ut rapportar om vasskvaliteten hos laboratoriet til BVA. Kvaliteten på Bømlavatnet gjer at dei slepp å justere smakane slik mange andre mikrobryggeri må for å få god smak.

I tillegg til å vere ein viktig ingrediens er vatnet ein stor del av produksjonsflyten, både når det gjeld å halde rett temperatur og når ølet skal kjølast ned raskt.

Produksjon og sal
Å laga øl tar tid og krev presisjon i alle ledd. Dei forskjellige typane øl har ulike framgangsmåtar der det er små marginar som gjer at ølet får same smak frå gong til gong.

Temperatur og tid er avgjerande for produksjonen, så dette er ikkje ein hobby der ein kan setja seg ned og slappa av, seier Jan Øyvind. Medan lukta av søt malt spreier seg rundt i lokala fortel han at han har skaffa seg ein app, der han registrerer ulike data for å halde oversikten over alt som skjer og legge ein plan på arbeidet.

Ølet sel dei for det meste til lokale butikkar og restaurantar, men dei har også eige ølutsal og er med på å arrangera ølsmaking med grupper forskjellige stader.

Lokale samarbeidspartnarar

Bømmeløen bryggerhus har mange lokale samarbeidspartnarar, som for eksempel Viergo som lagar ølkassane.

Gjenbruk og miljø er i fokus, så etter at dei har gjort seg ferdig med kornet er det nokre glade grisar, sauer og høner på Meling gardsbutikk som får seg eit skikkeleg festmåltid.

Related Posts