Frosttapping er ein gammal metode som ein brukte tidlegare der ein lot vatnet drypa eller renna frå kranar for å unngå at vatnet fraus. I dag er frosttapping verken lov eller nødvendig. Det går enorme mengder vatn til dette i løpet av vinteren, og kan føre til at BVA ikkje har tilstrekkeleg vatn i våre høgdebasseng i ein beredskapssituasjon.
Me rår dei som har hus med kjellarar å setta ein vifte/varmovn på låg effekt for å halde litt varme. Dei som har tomme hus/fritidsbustader bør sjekka desse, slik at det ikkje oppstår vasslekkasjar som følge av frostsprengning. Steng hovudkran og tapp vatn ut av leidningane. Isolér grunne leidningar, anten med isolermatter eller ved å grave på meir jordmasse.
Husk på å kople ifrå alle hageslangar, for å hindre frostskade!