Innlegg:

Ei kjetta på 60 kg (!)

– I pumpene finn me forskjellige ting som ikkje høyrer heime i avløpsnettet. Leikebilar, moppar, eingangssprøyter, mobilar, bocciakuler og mykje anna som ein kan undrast på korleis det hamnar i do.

Den vanlegaste grunnen til at pumpene til BVA sluttar å virke er det som Svein Arild Madsen og kollegaene kallar for «kjetter». Ei kjetta er ei samanfiltring av våtserviettar som ballar seg til store klumpar og som blir sittande fast i røyr og pumper.

For ikkje lenge sidan måtte me ta ut ei kjette på heile 60 kg (!). Det seier seg sjølv at det er utfordrande og lite delikat. Det er også svært belastande for pumpene og andre delar av avløpssystemet. Så folkens, vær snille og hiv våtserviettane i boset.

Det einaste som skal i do er det som kjem naturleg frå kroppane våre – og papir. Ingenting anna.

Related Posts