Innlegg:

Bos i avløpet og naturen

Tidlegare i år vart det gjort kjent at ein sjeldan kval var stranda på Sotra. Då kvalen vart partert vart det funne store mengder plast i magen på den og ein landsomfattande aksjon vart starta i forhold til å rydde strender for plast og bos.

Fokuset har vore stort i ettertid og både lokale eldsjeler og meir sentrale aktørar har foreslått forskjellige idear til korleis ein kan rydde opp plasten i havet. Å rydde ei strand eller ei vik kan vera både oppløftande og nedslåande. Mange stader ligg det lag på lag med plast og anna bos og det er nesten umogleg å få med seg alt. Det er også ein realitet at til neste år ser det nesten like gale ut igjen. På den andre sida er det kjekt å sjå at det ser mykje betre ut når ryddinga først er utført. Inntil vidare er det ingen andre måtar å samle saman dette boset på enn å manuelt samle det inn i sekker og få det levert til godkjent mottak.

Kva har dette med avløp å gjere?
For BVA sin del har me fleire ti-tals pumpestasjonar rundt omkring i kommunen som pumper avfallsvatnet og kloakken mot eit av utsleppsanlegga. Ofte er det ein eller anna form for driftsstans på ei pumpe som gjer at driftsoperatørane må ut for å sjekke og få pumpene til å gå igjen. Ikkje sjeldan er det då bos, eller noko som ikkje skal i toalettet, som gjer at pumpa har stoppa. Dette fører til forholdsvis store driftskostnader for BVA. I tillegg til boset som ikkje går gjennom pumpene så er det mykje som likevel går gjennom og som følger med heilt ut i havet. Q-tips og sprøyter er gode eksempel på dette. Denne type bos finn me så att i strendene våre. Medisin er ein anna form for bos som ofte blir kasta i toalettet og som er skadeleg for miljøet.

Mikroplast-kva er det?
Primærkjelda er små mikroplastartiklar mindre enn 5 mm, som blir tilsatt produkt som kosmetikk, tannkrem og tekstilar. Den andre kjelda er større lastartiklar som blir til mikroplast når dei brytest ned over lang tid. I Noreg er bildekk, maling, kunstgrasbanar, plastpellettsproduksjon og tekstilar blant dei største kjeldene til mikroplastforureining. Reinseanlegga for avløp er ikkje konstruert slik at dei kan sortere ut mikroplasten så plastpartiklane blir difor spreidde på havet og i strender. Med å vera bevisste på kva som skal i toalettet eller i kva type bosdunk boset skal sorterast i, er me med på å ta vare på
miljøet vårt.

Ynskjer alle ein flott sommar!

Audun Halleraker
Dagleg leiar i BVA

 

Related Posts