Innlegg:

Bømlavatnet er blant Norges beste!

No er det offisielt! Bømlingane har alltid hevda det, og no har ein uavhengig jury kåra Bømlavatnet til eit av Norges beste drikkevatn! Det skjedde i landsfinalen som gjekk av stabelen på kommunalteknikkmessa på Lillestrøm tysdag 5. mars. Vatnet frå Bømlo har konkurrert mot vatn frå heile landet. Det haldt ikkje til siger, men Bømlavatnet er eit av dei ti beste i landet.

Finnåsvatnet, ei av drikkevaskjeldene på Bømlo.

– Dette er ein veldig flott prestasjon, og me er glade for å ha fått ei så høg plassering, seier ein entusiastisk Audun Halleraker. Han er dagleg leiar i Bømlo Vatn og avløpsselskap (BVA), som produserer drikkevatnet på Bømlo.
–Me vant prisen for det beste drikkevatnet på Vestlandet, og det har vore kjekt å komma til finalen i denne konkurransen.

Mange å takka
Audun Halleraker seier dette er ein lagsiger, og at det er mange å takka. Først og fremst vil han framheva dei tilsette i BVA, som alle spelar ei viktig rolle for at vatnet på Bømlo skal ha den beste kvaliteten. Audun Halleraker rettar også ei takk til Bømlo kommune og det gode samarbeidet som BVA har med både politisk leiing og administrasjon.

-Dette er ein lagsiger, seier dagleg leiar i BVA, Audun Halleraker. Foto: Vegard Røsland.

Skryt frå ordføraren
-Ja, dette har me no vel alltid visst! seier ordføraren i Bømlo kommune, Odd Harald Hovland, med eit smil.

–Bømlavatnet er friskt og det er godt på smak, så det er veldig smigrande at me fekk ei så god plassering i konkurransen. Det ligg mykje arbeid bak det gode vatnet, både langsiktige planar og investeringar, og dyktige tilsette som jobbar kvar dag for at me skal få friskt og reint vatn på Bømlo. Eg vil gratulera BVA med plasseringa, avsluttar han.

Tøff konkurranse
126 vassverk deltok i kampen om «Norges beste drikkevatn». Til slutt stod det igjen ni finalistar i klassen overflatevatn, med vatn frå heile landet. Vatna som var i finalen kom frå Bykle på Sørlandet, Høyanger i Sogn, Surnadal på Nordmøre, Frøya i Trøndelag, Alstahaug og Vågan i Nordland, Skåbu i Oppland, Skullerud i Oslo og sjølvsagt Bømlo.

Vinnaren av konkurransen vart Brettesnes vannverk i Vågan i Lofoten.

Då Bømlavatnet vant utmerkinga «Det beste drikkevatnet på Vestlandet» sa juryformann Johan P. Nilsen at det var veldig godt drikkevatn hos alle kandidatane, men at det var ein einstemmig jury som kåra Bømlavatnet til vinnar.

Bilde av Bømlavatn flaske i natur. Foto: Vegard Røsland
Friskt Bømlavatn i natur i flott natur. Foto: Vegard Røsland

Reiser heim for å feira
Dei tilsette i BVA reiser heim frå fagmessa i Lillestrøm med ein fin plassering i konkurransen. Feiringa vert nok lågmælt, og dei ser ikkje noko behov for å spretta champaneflaska – for reint, friskt Bømlavatn er av det beste ein kan få i Norge!

Ved spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Audun Halleraker på telefon 489 50 280.  

Foto til nedlasting (alle foto: Vegard Røsland):
Audun Halleraker (høgoppløyseleg)
Finnåsvatnet (drikkevasskjelde på Bømlo)
Bømlavatn-flaske i naturen

Related Posts