Innlegg:

Vasstryggleik og kokevarsel

Me er ute med eit nytt kokevarsel no, denne gongen fordi det er oppdaga undertrykk på ein vassleidning. Me vil gjerne forklara litt rundt arbeidet vårt for vasstryggleiken din.

Ulike grunnar til kokevarsel
Det kan vera fleire årsaker til at me går ut med eit varsel om at folk må koka vatnet. Det kan vera prøvar me tar rutinemessig eller hendingar i samband med aktivitetar på vassleidnings-nettet. BVA arbeider etter føre var-prinsippet, det betyr at me varslar om koking med ein gong det skjer noko som i verste fall kan føra til ureining av vatnet.

Undertrykk
Undertrykk i leidningsnettet kan (men treng ikkje) føre til at det kjem ureina vatn inn. Difor er me særleg merksame når det kjem slike alarmar. Då finn me årsak til feilen og tar grundige laboratorieprøvar for å finna ut om det har ført til ureining av vatnet. Før me veit sikkert resultatet med to uavhengige prøvar sender me ut kokevarsel.

Gode rutinar på prøvetaking
BVA vil understreka at ved dei høve me har sendt ut kokevarsel dei siste åra, har det skjedd feil (ombyting av prøvar) utanfor BVA. Me leverer omlag 1200 vassprøvar årleg til eit uavhengig laboratorium. Prøvane vert tekne etter ein godkjent plan og fastsette rutinar. Rutinane har vore følgde heile tida slik at kundane våre heile tida kan vite at vatnet dei får er reint og godt.

Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med oss!

Bilde av Bømlavatn flaske i natur. Foto: Vegard Røsland
Bilde av Bømlavatn flaske i natur. Foto: Vegard Røsland

Related Posts