Vasstenging Lepsholmvika

Tysdag 07.mars vil det bli utført arbeid på leidningsnettet ved Lepsholmvika. Dette gjer at nokre av våre abonnentar vil vera utan vatn frå kl. 08.00 til 10.00. Stenginga gjeld bygningar i det skraverte området på bilete. Dersom vatnet er misfarga etter tilkopling kan du spyle ut med kaldvasskrana på lågaste uttak i huset. Beklagar ulempene dette kan føre med seg.