Innlegg:

UTBYGGING VORLAND OG NYTT HØYDEBASSENG KVERNAVATNET

Oppdatert informasjon mars 2022;

Arbeidet med høydebassenget er no i full gang. Denne veka blir plata til høydebassenget støypt. Høydebassenget er 20 meter i diameter og 5 meter høgt. Arbeidet med høydebassenget skal stå ferdig i juni 2022.

Det er merkedag når jernkloridtanken er på plass inne i vannrenseanlegget;

Merkedagar må feirast! Her hadde me kransalag på vannrenseanlegget 10. februar

Oppstarten:

Sommaren 2021 starta  byggearbeidet med det største VA-prosjektet i Bømlo Vatn og Avløpsselskap sin historie. Planlegging av prosjektet starta i samband med hovudplan frå 2015, og området var ferdig regulert i 2020. I vår var anlegget ute på anbod, og det er spennande å endeleg å vera i gang.

Bakgrunnen for utbygginga er ønsket om å styrke vassforsyninga til Søra Bømlo, særleg med omsyn til ny fiskerihamn i Hovlandshagen, samt at prosjektet er ein del av ny toveis vassforsyning til Søra Bømlo. Dette for å sikre god og stabil vassforsyning til alle som er tilknytt det offentlege nettet. Derfor har me starta med å bygge ut Vorland vassrenseanlegg, høgdebasseng ved Kvernavatnet og ledningstrase mellom dei. Her er arbeidet ved vassrenseanlegget den 16. des 2021:


Det skal også bli satt opp eit nytt høgdebasseng (HB) for drikkevatn ved Kvernavatnet, som skal romme omlag 1.500 m3​. Dette er også ein viktig beredskap i forhold til brannsikkerheit. Her er vår kontrollør Steinar Halleraker som står på den bassengtomta den 22. des 2021;


Det vert også ny inntaksleidning og grunnvannssperre fra drikkevannskilde i Kvernavatnet​.

I tillegg skal me leggje nye vassleidninger og ny atkomstveg mellom høgdebassenget og vassrenseanlegget, omlag 500 m. Til sist skal me montere nytt Co2-anlegg i tilknytning til vassrenseanlegget. Dette er ein av barrierene som me skal bruke til å reinse råvatnet.

Våre dyktige samarbeidspartnarar i arbeidet på Vorland er;

Grunnarbeid: Engelsen Anlegg AS, Øyvind Kanneløyning

Betong og bygg: Engevik & Tislevoll, Frode Tislevoll                     

Basseng: Brimer ServiTech, Elfried Koning

Skulle det vera spørsmål til prosjektet, ta gjerne kontakt med prosjekt/driftsleiar i BVA v/ Odd Petter Habbestad på

e-post oph@bva.no eller telefon: 41 44 99 58

Related Posts