Innlegg:

Registrering av små vassforsyningssystem

Deler du brønn med naboen?

Nå skal alle små vassforsyningssystem registrerast
Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld og dei som er små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no.

Registreringa kan du gjere enkelt frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du kor vassforsyningssystemet er plassert ved å markere staden i eit kart, og det er berre nokre få spørsmål som skal svarast på i tillegg til dette.

Mange fordeler med å registrere vassforsyningssystemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt kan til dømes vere uunnverleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjør det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem
I januar 2017 kom ei ny drikkevannsforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k. Informasjon til de minste vannforsyningssystemene gir nyttig informasjon som er særskilt berekna for små vassforsyningssystem.

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynet sitt sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med den lokale avdelinga di.

Related Posts