Me søkjer ny kollega!

SEKRETÆR

Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS, BVA, er eit kommunalt aksjeselskap med Bømlo kommune som eineaksjonær. Selskapet sitt føremål er kjøp, utbygging, drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i Bømlo kommune. Frå årsskiftet 01.01.2003 overtok BVA eigedomsretten til alle vatn og avløpsanlegga som tidlegare var Bømlo kommune sin eigedom. BVA har ansvaret for vidare utbygging av nyanlegg, og totalansvaret for drift og vedlikehald av VA – anlegga i Bømlo kommune.

Då vår noverande sekretær har valt å slutte hjå oss, søkje me ny i hennar stilling. BVA har 18 tilsette pr dags dato.

Arbeidsoppgåver
• Korrespondanse, informasjon og kundekontakt mot BVA sine kundar.
• Oppfølging av abonnementsregister og kontroll av gebyr.
• Arkivering / Ajourføring av heimesida til BVA.
• Andre kontorrelaterte arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar
BVA ventar at du som tilsett i BVA er samarbeidsvillig, open og fleksibel, og at du tek ansvar for fellesskapet. Stillinga krev at du kan arbeide sjølvstendig, men samstundes at du kan arbeide saman med andre når oppgåvene krev det.

Utdanning innan kontor / økonomi og grunnleggjande IT- kunnskap vil bli vektlagt. Det er viktig at du er trygg og serviceinnstilt i møte med kundar og leverandørar.

Løn og andre vilkår
• Løn etter avtale
• Gode pensjonsordningar og personalforsikringar.
• Ordna arbeidsforhold.
• Godt arbeidsmiljø kor humor og respekt for kvarandre er viktige verdiar.

Om du har spørsmål; ta kontakt med kontorleiar Jorunn A Habbestad – tlf. 53 42 88 40/ 48 23 02 33.

Meir informasjon om BVA finn du på www.bva.no.

Søknad med kopi av vitnemål og attestar sendast innan 15.09.2017 til :

Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS
Postboks 214
5445 Bremnes