Innlegg:

KOKEVARSEL!

Det er påvist bakterier i drikkevatnet i Bømlo vassverk. Alt drikkevatn må kokast inntil ny melding frå BVA. Ved spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53 42 88 45 eller dagleg leiar 48 95 02 80.

Det er påvist e coli og koliforme i drikkevatnet. Nye prøvar blir tatt og sendt til analyse.

Kokevarslet gjeld for alt som skal drikkast eller etast.

Nye prøvar er tatt og sendt til analyse. Resultat av desse vil me ha i løpet av 24 timar.

Når det gjelder spørsmål om helseplager/symptom så er det tatt kontakt med lege som vil komme med tilbakemelding innan kort tid. Dette blir sjølvsagt lagt ut.

 

Informasjon frå lege:

Det er påvist E.coli og koliforme bakterier i rutineprøvar tatt tirsdag 1.august. Ved funn av både E.coli og koliforme bakterier må vatnet kokast før det kan drikkast eller brukast i matlaging. Med koking meinar ein at det skal fosskoke ca 1 minutt. Meir informasjon finnes i vedlegg frå Folkehelseinstituttet : https://www.fhi.no/ml/drikkevann/rad/kokevarsel/

E.Coli er ei gruppe bakteriar som finnes naturlig i tarmen til mennesker og varmblodige dyr. Funn i vatn eller i matvarer tyder på forurensing. Dei fleste E.Coli bakteriane er ufarlege, mens andre kan gi tarminfeksjon hos menneske. Dersom ein får tarminfeksjon/diare vil det oftast gå over i løpet av nokre dagar. Det er viktigaste tiltaket er å erstatte væsketapet. Ta kontakt med fastlege eller legevakt om ein er usikker på om det er behov for anna behandling.

 

Related Posts