Innlegg:

Kokevarsel Bremnesområdet opphører!

Oppdatert informasjon onsdag 12. januar:

BVA har i dag fått svar på 2. prøve etter ledningsbruddet på mandag. Begge prøvene er utan funn av bakterier i drikkevatnet og kokevarselet kan dermed avsluttes.

Me beklagar så mykje ulempene dette har ført til!

Informasjon tirsdag 11. januar:

Me har i dag fått tilbake eit prøvesvar som er negativt, dette er frå prøvene som er tatt igår.

Me må ha to stk. negative prøvesvar før me kan avlyse kokevarslet, og derfor gjeld kokevarselet inntil ny melding vert sendt ut.

Informasjon mandag 10. januar:

På grunn av ledningsbrudd på Stavland må vatnet i området rundt Bremnes kokes inntil vidare!

Alle kundar som vert ramma av kokevarselet, vert varsla via sms/talemelding. Det blir sendt ut ny melding når kokevarselet kan avsluttes.

For spørsmål, ta kontakt på telefon 53 42 88 40 eller vakttelefon 53 42 88 45.

Me beklagar så mykje ulempene dette fører til!

Related Posts