Innlegg:

Informasjon om årsak til kokevarsel

Heilt sidan første indikasjon på bakterier har me teke ekstra prøvar på leidningsnettet. Ved Finnås høgdebasseng som ligg på Stautland, fant me ei luke som var open.  Her kan noko ha komme inn og forårsaka bakterier. Bassenget er tømt og tatt ut av drift, og reingjering vil pågå i nokre dagar framover.

Drikkevatnet for storparten av Bømlo kan passere dette punktet på Stautland og er grunnen til at mange vart ramma av kokevarsel. I fleire områder har me hatt 2 godkjente oppfølgingsprøver og kan friskmelde drikkevatnet. I andre områder gjeld kokevarselet framleis då prøvene viser e- coli og koliforme bakterier. Sjå forrige innlegg for meir informasjon om kva som gjeld for det enkelte område.

Me beklagar om nokre av våre kundar har opplevd varsling via SMS som forvirrande.

Ta gjerne kontakt på telefon 53428845 ved spørsmål.

Related Posts