Hollundsbekken

Me er no ferdig med prosjekt Hollundsbekken. Me starta prosjektet i januar, og har bygd ny gytebekk, ny avløpsstasjon, ny veg, samt at VA-anlegget i heile anleggsområdet er utskifta. Kostnaden på prosjektet er ca 2,3 mill. BVA har stått for planlegging, byggjeleiing, kontroll og røyrleggjing.

Mange dyktige fagfolk har vore med på prosjektet;
Konsulent: Dimensjon
Entreprenør: Vassbakk & Stol avd. Staupe,
Leverandør av pumpestasjon: Sulzer,
Automasjon: Rogaland Industriautomasjon
Elektro: Moster Elektro
Graving av grøfter, skoging og oppbygging av bekk: Bømlo Bygdeservice
Leveranse av røyr og kummar: Brødrene Dahl avd. Stord