Opprette e-faktura – korleis unngå brevfaktura frå BVA

Lei av brevfaktura?

No får du BVA-rekninga ein gong i månaden i staden for kvartalsvis. Men du treng ikkje å få den i posten.
Mange kundar tok kontakt med oss i BVA og spurte om å få faktura ein gong i månaden. No er fakturabeløpet lågare og det er ein fast dag i månaden pengane går ut av konto.

Unngå papirfaktura i posten
Vel du e-faktura slepp du å få rekninga i posten. Då kjem rekninga i nettbanken, og du treng ikkje å skriva inn lange KID-nummer. E-faktura må godkjennast i nettbanken. For å ha tilgong til fakturaene digitalt, så inngår du e-faktura -avtale i nettbanken din. Med kombinert e-faktura og Avtalegiro blir rekninga også betalt automatisk på rett dag.

Med berre Avtalegiro får du papirkopi
Nokre abonnentar har inngått berre Avtale-giro. Då vert rekninga betalt automatisk, men du får også automatisk papirkopi i posten. Årsaka er at me ikkje kan trekkja pengar frå kontoen din, utan at du får eit dokument som viser kvifor. Dersom du ikkje ønskjer dette, fyller du ut skjemaet her: 

Mange vel digitalt mottak
Før nyttår fekk 3% av kundane rekninga digitalt. No er det om lag 20%, og me reknar med at enno fleire vil ønskje rekninga si som eFaktura framover.

Korleis går eg fram?

Det kan vera lurt å inngå både efakturaavtale og avtalegiroavtale. Då vert rekningane betalt automatisk på forfallsdato, og du har dei tilgjengeleg i eit digitalt arkiv i nettbanken din. Dersom du berre ønskjer

I nettbanken din kan du søkje opp BVA som e-fakturatilbydar. Det er litt ulikt frå bank til bank, og me har laga rettleiing for nokre bankar i menyen under. Dersom du har ein anna bank, så lagar me gjerne steg-for-steg-rettleiing for den også.