Innlegg:

Bruk toalettvett på Årets toalettdag!

‘’Kven bryr seg om toaletter?’’  Det er teamet for Verdas toalettdag 2021

FN- sambandet har gjort 19. nov til Verdens toalettdag. I verden er det 4,2 milliardar menneske har ikkje tilgang til tilfredsstillande trygge sanitære forhold, som vil si for dårlege toalett eller latriner. 673 millionar menneske har ikkje tilgang til toalett i det hele tatt, og må gå på do ute.

Mange steder manglar det helt grunnleggande sanitærsystem som kloakk og rennande vann til vask og matlaging. Dette har dramatiske konsekvensar for menneskets helse, verdigheit og sikkerheit. 

FN sine berekraftsmål seier at alle skal ha tilgang til sanitærtenester og reint vatn innan 2030. Det gjeld uansett kvar du er. For menneske driven på flukt er dette eit særleg prekært behov.

Korleis står det til rundt oss:

Norge har gode toalettforhold, og avløpsvatnet blir skikkeleg reinsa før det sleppes ut i naturen. Det forutset at sanitæranlegga blir brukt slik de skal. Vert toaletta brukt som avfallsbøtte fører dette til tette avløpsleidningar, stopp i pumpestasjonar, oversvømming, økte rotteplager og forureining av naturen.

Løysninga er enkel: Skaff en avfallsbøtte på badet og bruk den!

Det er kun tiss, bæsj og toalettpapir som skal i do!

Bilete nedanfor er tatt av ein av våre driftsoperatørar. Dette er ein propp som har fylt ein av våre pumper på ein avløpsstasjon.

Her er proppen blitt vaska og verkeligheitene kjem fram!

Ha ein fin toalettdag!

Related Posts