
Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS, BVA, er eit kommunalt aksjeselskap med Bømlo kommune som eineaksjonær. Selskapet sitt føremål er utbygging, drift og vedlikehald av offentleg vatn og avløpsanlegg i Bømlo kommune. BVA held til i Hollundsdalen på Bremnes. BVA har pr. dags dato 19 tilsette.
LEDIG STILLING SOM DRIFTSOPERATØR VATN OG AVLØP
Då ein av våre medarbeidarar går av med pensjon, søkje BVA etter ny driftsoperatør som vil få sjølvstendige arbeidsoppgåver med drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i Bømlo kommune.
BVA ønskjer søkjarar med følgjande kvalifikasjonar:
Utdanning / erfaring:
- Relevant fagbrev
- ADK – sertifisering
- Erfaring frå praktisk arbeid med VA – anlegg
- Førarkort kl. B
Arbeidsoppgåver:
- Drift av BVA sine vass- og avløpsreinseanlegg
- Drift av BVA sitt distribusjonsanlegg
- Deltaking i vaktordning
- Deltaking i VA-prosjekt
Løn og andre vilkår:
- Løn etter avtale
- Gode pensjonsordningar og personalforsikringar
- Ordna arbeidsforhold
- Godt arbeidsmiljø kor humor og respekt for kvarandre er viktige verdiar
Kvalifikasjonar for stillinga:
BVA forventar at du som tilsett i BVA er samarbeidsvillig, open og fleksibel. Du tek ansvar for fellesskapet. Stillinga krev at du kan arbeide sjølvstendig. Det er viktig at du er trygg og serviceinnstilt i møte med kundar og leverandørar og beherske norsk, både munnleg og skriftleg.
Om du har spørsmål til stillinga så ta kontakt med dagleg leiar Arne Bjelland tlf. 97552037.
Meir informasjon om BVA finn du på www.bva.no
Søknad med kopi av vitnemål og attestar sendast til post@bva.no eller pr. post til:
Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS
Postboks 214
5445 Bremnes
Søknadfrist: 15.05.2026
