Innlegg:

Gav stafettpinnen vidare!

Med reint bømlavatn i glasa, skålar Audun Halleraker (t.v) og Arne Bjelland for det nyleg gjennomførte leiarskiftet i BVA. 1. juni gav nemleg Audun stafettpinnen vidare til Arne, etter 14 år som dagleg leiar i selskapet. Ikkje fordi han absolutt ville, men fordi han såg seg nøydd til det.

– Før påske i fjor blei eg brått sjuk. Med komplikasjonar etter operasjon, og etter råd frå legane, såg eg at det beste for BVA som heilskap var at eg overlèt sjefsstolen til andre, fortel Audun.

Han er strålande fornøgd med arvtakaren Arne, som tar over etter 12 år som einingsleiar for tekniske tenester i Stord kommune. Stordabuen har tidlegare òg leia Bømlo Kommunale Eigedomsselskap.

– I BVA kjem eg til duk og dekka bord. Her ventar spennande arbeidsoppgåver saman med ein gjeng trivelege, flinke og engasjerte tilsette. Eg gler meg til å koma skikkeleg i gang, seier Arne.

Han og Audun er samstemte i kva som blir viktig for BVA i åra som kjem.

– Det er å halda fram den positive utviklinga av selskapet og tenestene våre, og å utføra dei oppgåvene me blir pålagde samtidig som me held gebyra nede, meiner dei.

På spørsmål om kva Audun er mest stolt av frå tida som BVA-leiar, er han ikkje i tvil.

– Det er totalen – det me alle har greidd å bygga opp gjennom desse åra. Saman har me utvikla eit selskap som er kjent og respektert i VA-bransjen for å finna dei gode løysingane og å ha dyktige og dedikerte folk i alle ledd, meiner Audun, som no held fram i anna stilling i vass- og avløpsselskapet.

PS: Eit meir utfyllande intervju med Audun og Arne får du i neste nummer av Friskt, som kjem utpå hausten.

Related Posts