Innlegg:

Storreingjering med vaskemaskin på over 2000 liter

Wärtsilä Norway er ei av mange industribedrifter på Bømlo som er avhengig av god tilførsel av vatn.

– Me er heilt avhengige av sikker tilførsel av reint vatn heile døgeret, seier Sigbjørn Næsse, eigedomssjef i Wärtsilä Norway.

Han fortel engajsert om alt det Wärtsilä gjer, både i Norge og internasjonalt. I Rubbe­stadneset er det både ingeniør­arbeid knytt til gir og propellar, sals­avdeling, verkstad og diverse støtte­tenester.

Store vaskemaskinar
Det største forbruket av vatn hos Wärtsilä er det verkstadane som står for. Dei lagar blant anna delar til Wärtsilä og Wichmannmotorar, har thruster- og turbo verkstad, og verkstad for komponentoverhaling.

I produksjonen treng dei å vaska motor­delar og til dette har dei fem store vaske­maskinar som tek over 2000 liter vatn kvar. Vatnet blir brukt om att, men treng å skiftast om lag kvar andre månad.

Olje i avløpet?
Maskindelane som blir vaska har sjølvsagt vore i kontakt med olje. For å hindra at olje kjem i avløpet har Wärtsilä eit eigenutvikla avløpssystem som skil ut reint vatn og behandlar resten som spesialavfall.

Tomt for kaffi!
Me lurer på kva som blir konsekvensen for Wärtsilä om vatnet forsvinn:

– Det må vera at det veldig fort blir tomt for kaffi, smiler Sigbjørn lurt. – Me i ­Wärtsilä kunne nok holdt det gåande ei stund, men det hadde blitt meir kritisk for dei som me leiger ut lokale til.

Næringsklynge med vassbehov
Det er Wärtsilä Norway som eig dei fleste bygningane i industriområdet på Rubbestandeset, og leige­takarane deira er også avhengige av god tilgong på vatn.

Blant anna brukar Los Marine vatn til rein­gjering og produksjon, og Westcon Olvondo brukar vatn til kjøling i maskin­parken sin.

– Me burde hatt ein litt større kapasitet, både inn til oss, og internt her på industri­området, seier Sigbjørn. – Men særleg viktig blir det i framtidige ut­vidingar her på Rubbestadneset. Behovet for god kapasitet og sikker vasstilførsel blir enno viktigare i framtida.

Berekraftige lokalsamfunn
Og med tanke på framtida: Wärtsilä har ein uttalt strategi på at dei vil muliggjera berekraftige samfunn med smart teknologi.

Dette har dei teke på alvor og har fleire prosjekt og tiltak for å redusera mijø­avtrykket, blant anna ved å bruka
mindre vatn.

I vår hadde dei eit lokalt røyrleggjarfirma inne for å driva søk etter lekkasjar. Det er eit tidkrevjande arbeid, og industriområdet har blitt til gjennom ulike tider med varierande grad av dokumentasjon. Etter å ha funne og tetta fleire lekkasjar ser dei at vassforbruket har gått ned.

Utprøving av teknologi
– Me har også testa ulike løysingar for å spara vatn og kjemikaliar i produksjonen vår, seier Kjell Einar Holme, Manager – Maintenance, Tools & Development i Wärtsilä Norway.

– Nokre prosjekt lukkast, og andre ikkje, og utprøving av ny teknologi er ein viktig del av arbeidet med å gjera verksemda vår meir berekraftig, avsluttar han.

Related Posts