Innlegg:

God (feittfri) jul!

No nærmar det seg jul! Saftig pinnekjøt, ribbe og andre gode middagar skal lagast og nytast. Men kva gjer du med feittet som ligg att i kasse­rollane etterpå..?

Avløpet tek villig i mot feittet anten du kaster det i vasken med ein god dose vaskemiddel, eller om du tømmer det i do. Men det som skjer i avløpet, det me ikkje ser, kan få store konsekvensar. I verste fall kan avløpsrøyra dine tetta seg slik at kloakken går feil vei i jula… For å unngå dette kan du følgja nokre enkle tips.

 

 

Slik kan du kvitta deg med matfeitt:
– Etter julemiddagen avkjøler du feittet så det stivnar. Skrap det ut og tørk med kjøkkenpapir. Kast feitt og papir i bioavfallet.
– Større mengder flytande olje heller du i ein tom mjølkekartong, teip den igjen og kast den i restavfallet.
– Når du steikjer middag, så gjer det til ein vane å alltid tørke av steikepanna med kjøkenpapir når du er ferdig. Då er det også lettare å vaske den etterpå.
– Smultringbaking kan gje deg ein stor rest med matfett. Hiv det i bioen, eller hell det i ein mjølkekartong, ha i solsikkefrø, havregryn, mandlar og hasselnøtter og vips så har du julemat til småfuglane! Lag nokre hol i kartongen og stikk i ein pinne dei kan kvile seg på, før du heng det ut.

 

 

Related Posts