Innlegg:

Best mot tørste

Vatn er den beste tørstedrikk for både vaksne og barn. Vatn er tilrådd som drikke både til måltid og mellom måltida. *

Kroppen treng minst 1,5 liter, aller helst 2,5 liter væske i døgeret. Du får om lag 1 liter av dette via maten. Det betyr at du bør drikka rundt 1 1/2 liter, men behovet varierer mykje med alder, temperatur og aktivitetsnivå. Du treng ikkje å være tørst før du drikk. Nokon kjenner tørste godt, mens andre ikkje kjenner det før dei er slitne, slappe eller har vondt i hovudet.

Godt med bømlavatn etter trening!

Det er lurt å læra seg å lytta til signalet frå kroppen om at ein er tørst og følgje det.Som med det meste skal ein heller ikkje overdrive vassdrikkinga. Det er ikke slik at jo meir vatn, dess betre uansett. Kanskje får du noko av væsketrongen dekka av anna drikke, men prøv å velgje vatn først.

Kroppen må ha vatn for å kunne ta opp næringsstoffa og transportera dei til cellene som treng det. Fordøyelsen treng vatn for at me skal unngå forstoppelse.

Ti gode grunnar for at vatn er det beste når kroppen treng væske:
1. Vatn sløkkjer tørsten mest effektivt
2. Kroppen treng vatn for at alle delar av det avanserte kroppsmaskineriet skal virka bra
3. Vatn er gratis, kalorifritt og lett tilgjengeleg i Norge
4. Vatn gjer at du tåler varmen betre
5. Vatn kan gjera at du får mindre vondt i hovudet
6. Vatn under treningsøkta er nødvendig for å prestera bra
7. Vatn etter treningsøkta er heilt nødvendig for at kroppen skal komma seg raskt og blir klar for nye prestasjonar
8. Vatn er bra for tennene
9. Vatn er bra for huden
10. Vatn er nødvendig for å tenka klart

* Teksten er henta frå “ung.no” og omsett til nynorsk

Related Posts