Førehandsmelding frå BVA

Frå 01.11.2021 vil Bømlo Vatn og Avløp ta i bruk ei ny elektronisk løysing for alle entreprenørar som skal søka om arbeid på eller ved offentlege vass- og avløpsleidningar. Løysinga heiter Powel Entreprenørportal og er allereie i bruk i kommunar rundt oss.

For å opprette en egen Entreprenørportal bruker, så kan du nå benytte denne registeringssida;

https://tenantmanager.onpowel.com/Registration

Her finn du ein videofilm med rettleiing i registreringsprosessen

Inne i entreprenørportalen kan du;

  • Lage gravemelding
  • Søke om forhåndsmelding
  • Søknader om tilkobling
  • Ferdigmeldingar
  • Etterkvart vil me utvide med søknadar om vassmålar

Inne i entreprenørportalen får ein tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker. Søknad skal godkjennast av BVA før arbeid vert sett i gong.  Ein kan enkelt følgje med korleis det går med saken og sende ferdigmelding når saken er ferdig.

Private kundar;

Private kundar som ikkje har søknadspliktig tiltak på eigen eigedom har ansvar for å sjekke leidningar i grunnen.

Er du privat kunde og skal grave sjølv eller gjere tiltak på eigen eigedom, send ein e-post til post@bva.no

E-posten må vera merka med gards- og bruksnummer, samt eit kart/skisse over kor du skal grave/gjere tiltak.

Ved spørsmål;

Ta gjerne kontakt med BVA om du har spørsmål: post@bva.no eller telefon 53 42 88 40.

Informasjon som gjeld til og med 31.10.21

Førehandsmelding er ei melding frå BVA om kor ein skal kopla seg på det offentlege nettet. Kunden eller ansvarleg søkar må sende oss informasjonen me spør etter på skjemaet under, eller senda ein e-post til post@bva.no.

Førehandsmelding må vera på plass før ein kan få godkjent byggjeløyve frå kommunen.