Innlegg:

Feil i mva på vassmålaroppgjer

Me har dessverre oppdaga ein feil på faktura for januar (med forfall 01.03.2026) for de som har vassmålar, og som har fått oppgjer på forbruket for 2025. Feilen gjeld både de som har fått faktura og de som har fått kreditnota.  

Feilen kjem av at det i perioden 01.01.25-30.6.25 var 25 % mva på vatn og avløp, mens frå 01.07.2025 var det 15 % mva.

Ved faktura for vassmålaroppgjør vart det brukt 15 % mva på heile året.

Feilen vert retta opp på faktura for februar månad (den som har forfall 01.04.2026), og vil vises som ei linje merka med ‘’For mykje/lite mva fakturert i januar’’

Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål,  tlf: 53 42 88 40

Me beklagar ulempene dette medfører!

Related Posts