Grunnlag for gravemelding frå BVA

Frå 01.11.2021 vil Bømlo Vatn og Avløp ta i bruk ei ny elektronisk løysing for alle entreprenørar som skal søka om arbeid på eller ved offentlege vass- og avløpsleidningar. Løysinga heiter Powel Entreprenørportal og er allereie i bruk i kommunar rundt oss.

For å opprette en egen Entreprenørportal bruker, så kan du nå benytte denne registeringssida;

https://tenantmanager.onpowel.com/Registration

Her finn du ein videofilm med rettleiing i registreringsprosessen

Inne i entreprenørportalen kan du;

  • Lage gravemelding
  • Søke om forhåndsmelding
  • Søknader om tilkobling
  • Ferdigmeldingar
  • Etterkvart vil me utvide med søknadar om vassmålar

Inne i entreprenørportalen får ein tilgang til eigne saker, både dei som er under arbeid og alle ferdige saker. Søknad skal godkjennast av BVA før arbeid vert sett i gong.  Ein kan enkelt følgje med korleis det går med saken og sende ferdigmelding når saken er ferdig.

Private kundar;

Private kundar som ikkje har søknadspliktig tiltak på eigen eigedom har ansvar for å sjekke leidningar i grunnen.

E-posten må vera merka med gards- og bruksnummer, samt eit kart/skisse over kor du skal grave/gjere tiltak.

Er du privat kunde og skal grave sjølv eller gjere tiltak på eigen eigedom, send ein e-post til post@bva.no

Ved spørsmål;

Ta gjerne kontakt med BVA om du har spørsmål: post@bva.no eller telefon 53 42 88 40.

Informasjon som gjeld til og med 31.10.21

Gravemelding er ei melding frå BVA med informasjon om leidningar i område der det skal gravast.

Send inn informasjonen på skjemaet under, eller send ein e-post med kart til post@bva.no, så tek me kontakt med deg.

Skjema – grunnlag for gravemelding frå BVA