Det er mest ikkje grenser for kva ein kan finna i avløpet. Det skaper utfordringar på fleire måtar, fortel driftsoperatør Svein Arild Madsen i BVA. Gjengangarane er bind, truser, vaskefiller, bleier, våtserviettar, hår, bomullspinnar og anna som ved tankeløyse eller uhell har hamna i do, fortel Madsen. Me er med på ein rundtur til nokre av kloakkpumpestasjonane til BVAilag med Madsen og kollega Ove André Vedøy. Når uønska ting kjem i avløpssystemet kan det bli liggande i røyrane og bygga seg opp ilag med feitt og anna som klebar seg til. Til slutt vil det tetta røyret eller komma fram…