Stenging Hollund mandag 22. februar

På grunn av arbeid på vassledning på Hollund blir vatnet stengt, mandag 22. feb. mellom kl. 12:00 og 16:00. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvannskranen, på lågast uttak i huset. Me beklagar ulempene dette medfører!
Les meir

Stenging Alvsvåg mandag 22. februar

På grunn av arbeid på vassledning på Alvsvåg blir vatnet stengt, mandag 22. feb. mellom kl. 08:30 og 16:00. Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvannskranen, på lågast uttak i huset.
Les meir
Frosne vassrøyr og frosttapping

Frosne vassrøyr og frosttapping

BVA har hatt og har stor pågang frå huseigarar som har fått frosne vassrøyr dei siste vekene. Me oppfordrar alle våre kundar til å  sjekke bygningar som er tilknytt det offentlege vassnettet i forhold til frostskadar eller lekkasjar. Har du  stikkleidningar som ikkje har tilstrekkeleg frostsikring anbefale me sterkt å montere varmekabel for å sikre vassforsyninga. Frosttapping ser me at det er mykje av. Det er ikkje tillat! Årsaka er at det kan føre til at BVA ikkje har tilstrekkeleg vatn i våre høgdebasseng i ein beredskapssituasjon. Frosttapping er verken lov eller lurt - Foto: Shutterstock
Les meir
Frosne røyr

Frosne røyr

FROSNE RØR! Det er ein god del som ringer til BVA om frosne rør. Stort sett har dette vist seg å vere på private leidningar. Før du tar kontakt med oss, kan du gjerne sjekke med naboen dersom de har felles leidningar. Har de felles leidningar og naboen har vatn, er det sannsynleg at frosten ligg lokalt på stikkledningen til ditt hus. I slike tilfelle ber vi dykk ta direkte kontakt med ein røyrleggjar som driv med tining. Er du svært usikker på kor vatnet kjem frå, må du sjølvsagt ta kontakt med oss.
Les meir