JULEHELSING FRÅ BVA

JULEHELSING FRÅ BVA

Driftsmelding
Enda eit annleis år går mot slutten og BVA vil ynskje alle våre kundar og samarbeidspartnarar ei riktig god og fredfull jul og eit godt nyttår. På grunn av smittesituasjonen i samfunnet vil kontoret vårt i Hollundsdalen 21 vera stengt til over nyttår, men ved behov for å kontakte oss ta gjerne kontakt på post@bva.no eller telefon på tlf: 53 42 88 40 (kl. 7-15) eller 53 42 88 45 (vakttelefon) Vakker himmel på Vorland (foto: Odd Petter Habbestad)
Les meir
UTBYGGING VORLAND OG NYTT HØYDEBASSENG KVERNAVATNET

UTBYGGING VORLAND OG NYTT HØYDEBASSENG KVERNAVATNET

Driftsmelding
Sommaren 2021 starta  byggearbeidet med det største VA-prosjektet i Bømlo Vatn og Avløpsselskap sin historie. Planlegging av prosjektet starta i samband med hovudplan frå 2015, og området var ferdig regulert i 2020. I vår var anlegget ute på anbod, og det er spennande å endeleg å vera i gang. Bakgrunnen for utbygginga er ønsket om å styrke vassforsyninga til Søra Bømlo, særleg med omsyn til ny fiskerihamn i Hovlandshagen, samt at prosjektet er ein del av ny toveis vassforsyning til Søra Bømlo. Dette for å sikre god og stabil vassforsyning til alle som er tilknytt det offentlege nettet. Derfor har me starta med å bygge ut Vorland vassrenseanlegg, høgdebasseng ved Kvernavatnet og ledningstrase mellom dei. Her er arbeidet ved vassrenseanlegget den 16. des 2021: Det skal også bli satt opp eit nytt…
Les meir

ER DU EIN FROST-TAPPAR?

Ukategorisert
Frosttapping er ein gammal metode som ein brukte tidlegare der ein lot vatnet drypa eller renna frå kranar for å unngå at vatnet fraus. I dag er frosttapping verken lov eller nødvendig. Det går enorme mengder vatn til dette i løpet av vinteren, og kan føre til at BVA ikkje har tilstrekkeleg vatn i våre høgdebasseng i ein beredskapssituasjon. Me rår dei som har hus med kjellarar å setta ein vifte/varmovn på låg effekt for å halde litt varme. Dei som har tomme hus/fritidsbustader bør sjekka desse, slik at det ikkje oppstår vasslekkasjar som følge av frostsprengning. Steng hovudkran og tapp vatn ut av leidningane. Isolér grunne leidningar, anten med isolermatter eller ved å grave på meir jordmasse. Husk på å kople ifrå alle hageslangar, for å hindre frostskade! Frosttapping…
Les meir
Stenging Stavland mandag 29. nov

Stenging Stavland mandag 29. nov

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet blir vatnet avstengd på Stavlandsneset man 29. nov., mellom kl 22:00 og 06:00. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikke blir brukt vatn i denne perioden! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana, på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845.
Les meir
Stenging Svortland sør,tirsdag 23.nov.

Stenging Svortland sør,tirsdag 23.nov.

Driftsmelding
På grunn av utspyling på vassnettet blir vatnet stengt på Svortland Sør ti. 23. nov. 2021, mellom kl 22:00 og 06:00. Deler av vassnettet er trykksett under utspyling, så det er viktig at det ikke blir brukt vatn i denne perioden! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana, på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845.
Les meir