Det vesle og det store vatnet

Det vesle og det store vatnet

Sanninga er at utan vatn, ikkje liv! I alle fall ikkje slik me kjenner det. Vatnet renn inn og ut av oss og transporterer det me treng for å leva. Næringsstoff, salter, hormon, - alle slags viktige molekyl seilar på vass-straumar gjennom blodårer og inn og ut av dei tusenvis av milliard celler kroppen vår er bygd opp av. Sett gjennom mikroskopet. Snur me mikroskopet ser me plutseleg heile jorda som ei stor «klinkekule» med mektige havstraumar, årer av liv og næringssalt gjennom verdshava på kloden. Og skyene som ein del av det store kretsløpet, som mjuke formasjonar, fjon, mest…
Les meir
Nye hygienevanar, pass på kor du hiv kva!

Nye hygienevanar, pass på kor du hiv kva!

Det merkest at samfunnet er endra. Me oppheld oss meir heima, og har endra hygienevanane våre. Og det er heilt nødvendig i den unntaks­tilstanden me er komne i og det store behovet me har for hindring av smittespreiing. BVA ynskjer å komma med nokre viktige påminningar. Våtserviettar eit stort problemHeimeskule og heimekontor kombinert med stort fokus på hygiene for å hindre smitte gjer at me kanskje stundevis gløymer oss ut når det gjeld kva me kan kasta i toalett og avløp. Kommunar rundt om i landet melder om havari på avløpspumper og tette røyr som følgje av meir kasting av…
Les meir
Vatn og avløp i ei krisetid

Vatn og avløp i ei krisetid

– Me i Bømlo Vatn- og Avløps­selskap arbeider heile tida for å sikre Bømlosamfunnet dei kritiske samfunnstenestene som vatn og avløp er, seier dagleg leiar Audun Halleraker. – Slik er det også i forhold til krisa Korona­viruset har gjeve oss, fortel Halleraker vidare. – Krisa endrar seg veke for veke, og tiltaka frå styresmaktene og situasjonen i samfunns- og arbeidsliv likeeins, så ting kan ha endra seg noko etter redaksjonen av Friskt blei avslutta, seier Halleraker. Særlege interne tiltakAllereie 12. mars sette me i gong særlege smittehindrande tiltak for å forebygga mannskapsmangel. Med 19 tilsette har alle sine oppgåver og…
Les meir
Snodig, liten rakkar

Snodig, liten rakkar

Virus er veldig små (sokalla nanopartiklar) og har ei beskyttande feitt­kappe. Denne feittkappa taklar vatn ganske godt, men såpe øydelegg dei! Grunnen til det er at såpe bind seg til feitt og smuss utanpå huda og gjer at det losnar. Når du fjernar dette, følgjer virus og bakteriar med. Du flyttar dei av hendene dine. For koronaviruset sin del, vil såpa også øydelegge feittkappa, og dermed viruset. Varmt vatn løyser også opp feitt og gjer såpa meir effektiv. Temperaturen i seg sjølv er ikkje høg nok til å drepa bakteriar. Når det gjeld virus drep ein ikkje dei, (dei lever…
Les meir
Ledningsbrudd Espevær tirsdag 2. juni

Ledningsbrudd Espevær tirsdag 2. juni

På grunn av ledningsbrudd på Espevær, blir vatnet stengt til skaden er utbedra! Dersom vatnet er grumse etter tilkopling, spyl ut med kaldvasskrana på lågast uttak i huset. For spørsmål, ta kontakt på vakttelefon 53428845
Les meir